torsdag 21. mai 2009

Gorillaz,David, Robin and England.




Omg, eg hørte nett den første virkelige brae sangen på The Voice, Gorillaz- feel good inc. Det fekk meg til å hugse på kor masse eg elska det bandet! Dei fortener virkelig ein mental five! Åååh, no skal eg rett inn på last/fm ( siden eg ikkje har spotify) og høre ultra masse på dei mens eg skal lage amerikanske muffins og øve til naturfag!
Når eg kom heim igår kl 11, så var David Letterman på Tvèn! Jess!!! Og han hadde besøk av Robin Williams! - enda bedre! Altså mannen som spilte Mrs Doubtfire. Begge adde hatt hjertekirugi og heile intervjuet handla om det. Dei var så fantastisk søte at eg hadde nesten lyst å ta dei med heim, ( haha Luis) .
JESUS no gler eg meg til eg skal til England! Det er egentlig ganske forferdelig å ikkje sjå halvparten av familien på eit heilt år! Men tida går så fort at eg treng bare å blunke så er eg plutselig på stranda med familien i Broadstairs. Og om kvelden, så er vi på verdens finaste balkong ved kingsgate castle med seriøst den sjukaste utsikta ever og grilla. Og neste dag er eg i verdens vakraste by, London med min bror Bjørnen. Eg gler meg!

Btw:
Eg hata Aeksander Rybakk- fairytale.
S jekk ut www.steinfridoggrashild.blogspot.com!

tirsdag 14. april 2009

Bjørnie

Min bror Bjørn, som eg fekk lyst å skrive et innlegg om! -(men ikkje no, eg er altfor trøtt)

mandag 13. april 2009

Abercrombie&Fitch

Abercrombie&Fitch- finst i London folkens!- jessjessjess

Ok, no har eg nett besøkt LarsTangen.com - Respekt! Eg liker han, han er litt små kul! Men det eg fant på sida hans var då eit innlegg om Abercrombie&Fitch, OMG eg er so einig at dette MÅ komme til Noreg!! Når "ikkjekjøpeklerfør18juni" forbudet mitt er over skal eg rett innpå nettsida til Abercrombie&Fitch og svi penger ass!!

Jeij..


Joss Bay- Broadstairs - Gler meg!!

No er eg nett komt heim igjen til Førde, æsj... Er so absolutt ultra lei av Førde - City at eg held på å spy! Til vanlig er eg særs glad i Førde men akkurat no skulle eg anten vert på Venøya, i Hoddevika eller i Broadstairs, og flytta alle vennane mine med meg!!!
Har alltid det så ultra gøy ute hos pappa at det er forferdelig å reise der ifrå, vertfall på ein slik sommar dag som dette! Og no i Påska har eg funne min store kjærleik- Hoddevika<3 Det er kansje ikkje butikkar der, og nesten ikkje folk men fy søren så fint det er der og ikkje minst folka som finst der er jo rett og slett ulrta kule! Har ikkje tenkt å bygge meg hus der eller nokke, men ei hytte hadde vert fint! - kansje ikkje vits når pappsen bur 40 min der ifrå, menmen.

Imårra er det jo skule igjen, norsk skrivedag faktisk. Likar veldig godt og skrive så det blir ikkje gale, for jo se alle sammen igjen, det er jo alltid like gøy!:) Btw so er det første sommar dag imårra, Jeij!!

søndag 12. april 2009

Påska på Venøy

Random folk, men sjekk bølgene!

Ja, det var ein Surfebutikk der! Eg fekk meg ein O`nell wetsuit.
-Mykje fint




StadSurfschool - pensjonat



Her skal eg henge i suuumar!



American Gladiators fra 1989 går på Tvèn, mamma og pappa sitter og diskuterer korleis dei skal forbrede påskematen, og eg sitter og høyrer på Rooney og gledar meg til vi skal nokk en dag ut til Hodevika!


Hoddevika er då ein av Norges beste surfestrender med nesten 1km med strand linje og freeeshe bølger. Sommer 08 lærte eg meg å surfe i England- Joss Bay, ANBEFALAST! Anyway surfing er vansklig, vertfall når du skal deala med bølger rett fra atlanteren, men fyyfaen so gøy det er!! Tanken på saltvatn i munnen og kroppen innpakka som ein skvist pingvin er fantastisk! Og ikkje minst pirringa etter å få tak i ein bølge! I sommar har eg tenkt å bu der ute ei veke eller to, då har eg tenkt å få med meg Synniva! -Det blir knall gøy!
















tirsdag 7. april 2009

PåskeDåskeLåske


Viesenter, Førde->

No er eg ikkje gira å skrive blogg! Dette er fordi eg e døds sliten etter å gått ein heidundrandes lang tur, med min hund Lacky, og mine to gode venninder Ina og Andrea. Andrea taut i ett sett idag, dette var fordi ho hadde nett komt heim fra GranCanaria og var brun som ein melkesjokolade. Ho hadde mykje ufurnuftig å sei, og då blir det alltid morsomt og prate.

Idag er det bare 1 dag og nokre timar til eg blir 17, dette gler eg meg til! I påska til no har chilla med venner, men imårra skal eg ut å feste,( natt til bursdagen min wuhu!) og på Long Fredag skal eg ut til Stad med foreldra og Lacky og surfe å prøve ut nye brettet mitt!! Det blir DØDS GØY! Forresten når eg va på tur så stakk vi innom vie senter<3 Der kjøpte eg meg jordbær litago = ÆSJ! Eg trur eg held meg til sjokolade.. Ein dag trur eg at eg skal skrive eit heilt innlegg om Viesenter!

onsdag 1. april 2009

Fagre Hafstad vgs

Akkurat no sit eg på data rommet D109 og skal skrive dagens innlegg 1 April! Solgunn sit på min venstreside og skrive pakke liste til Tyrkia, Ingvill sit til høgre og cruuuuza inne på facebook. 1 April det betyr bare 8 daga og 1 år til eg blir 18!! 1 april betyr også aprilsnar! For nokre sekundar sidan blei menneska utenom MEG i datarommet D109 kraftig lurt av nokre spøkefuglar frå 2-klasse. Nokon gutar i fra sportsklassen sat og spilte CS (jæææææævlig kult, NOT) dei hadde høgt volum slik at Solgunn måtte rope til meg og ingvill for å fortelle aprilsnaren som ho hørte på P4 idag, (som var fantastik morosam) SAS skulle nemmlig inføre at folk måtte vege seg for å komme på flyet. Om dei var over 80kg for damene og 100 kg for menn måtte desse stakkarslige menneska betale overvekt! HAHA. Men det som skjedde i D109 var: Ein gjeng med gutar kom inn på dette svæære datarommet og sa vi måtte stikke for dei måtte ha det for seg sjølv fordi dei skulle gjøre eit Newton prosjekt. Sure, tenkte jo eg, er det virkelig lov å legge av 30 pcàr for 5 gutar?! (31 pluss lærardataen da) Men anyways, aprilsnar! gjekk gjennom tankane mine, men iqen min var ikkje på topp so eg logga av, for å vere hyggelig. Men med en gang eg røyste meg av stolen hørete eg, APRILSNAR ! Alle hadde gått ut av rommet utanom meg, solgunn, og ingvill!
Haha, no sit vi her heilt aleine på stille D109 og cruuza på nettet! No skal eg ha samf, før det skal eg og og Solgunn tisse.